Hei, eg heiter Nicolai. Dette er mi blogg der eg skriv og legg ut bilete.
Gili Air
Gili-øyane er ei lita øygruppe utanfor Lombok i Indonesia, som også er ei øy. Alt er øyar i Indonesia, 17000 av dei faktisk, og på desse øyane bur det 284 millionar mennesker. Det er det fjerde mest folkerike landet i verda, det er så sjukt mykje meir enn i lille Noreg.
Vi dro til Gili Air for litt meir øy- og strandliv, og Gili leverte på alle punkter. På øya her er all motorisert trafikk forbudt, så her er det kun hestar, syklar og scootere, det er heilt nydeleg å gå i gatane og på stiane rundt om på øya. Øya er frodig og består av for det meste plassar for turistar, som restaurantar og strandbarar nesten rundt heile øya. Den er ganske lita, 5 km i omkrins om eg skal tippe, eg løp rundt på omtrent same tida som eg spring 5 km på heime, så då må det vere det. Folka her er så hyggelege og avslappa, så vi opplever Gili Air som det vi håpa Koh Lipe i Thailand skulle vere.
Regntid og regnskog i Ubud
Etter Kuala Lumpur tok vi fly vidare til Indonesia og Denpasar på Bali. Mange i Noreg har eit forhold til Bali på ein eller anna måte. Enten dei har spist Bali Kyllinggryte frå Toro, eller kjenner nokon som kjenner nokon som har tatt bartender- eller personleg trenerkurs her.

Sidan det blei mykje strand i Thailand og Langkawi ville vi sjå korleis det var i Ubud, som ligg sentralt på Bali. Ubud er ein by som er kjend for mykje kunst, handverk og kunsthandverk, omkransa av tett jungel, rismarkar og turstiar. Vi landa i Denpasar og kapteinen kunne melde at det var overskya. Eg innsåg at dette var første gong nokon av oss hadde kryssa ekvator. Køyreturen til Ubud ville ta 1,5 time, om trafikken tillot det. Vegane starta ganske bra rundt flyplassen, men etter kvart blei den smalare og meir trafikkert. Det var mykje mopedar og scootere rundt om, mykje meir enn i Malaysia, så det var ganske kaotisk. Vegane er smale og dårlege, i kombinasjon med at det er mykje trafikk, så tok det tid å kome fram.
Byliv på Penang og i Kuala Lumpur
Flyreisa frå Langkawi til Penang er omtrent like langt som å fly frå Stavanger til Bergen. Eg trur ikkje Olina eingong rakk å spørje “Kor lenge?” før vi landa. Ho spør om det om kvar einaste gang vi skal noko, enten det er ete middag eller fly til Bangkok.
Penang er ei øy som ligg så nære fastlandet at det går bru over. Byen på Penang heiter George Town, og i følgje drosjesjåføren vår i Langkawi så er det mykje industri der, og han meinte det ikkje var så fint. På turen får flyplassen til hotellet vårt, så var det kanskje ikkje det beste inntrykket, lite grøntområder og mykje vei. Det betra seg med ein gong vi kom nærare sentrum av byen, som også er det historiske sentrum av byen. Malaysia er ein tidlegare britisk koloni, og det kjem til syne i mange lånord frå Engelsk til Malay, til dømes ’teksi (taxi)’ og ‘immigresen (immigration)’. Gatenamn og bygg ber også preg av britane, togstasjonen heiter Butterworth og byen heiter George Town.
Koh Lipe og Langkawi
Eg blei litt avspora med å skrive om bambushytta, så eg gløymde å skrive om korleis det var på Koh Lipe. Øya er ikkje så stor, så vi gjekk overalt bortsett frå då vi skulle til og frå båten med bagasjen vår. Det er mykje turistar der i høgsesongen og det er stor variasjon i hotella, alt frå luksusresortar til hostell og enkle bambushytter som vår. Folk dreg som regel til Koh Lipe for å bade på strendene, og dykke. Det er ein stor marin nasjonalpark i området, så det er mange som driv med dykkerturar der. Med barn på 3 og 5 år så er ikkje dykking så aktuelt for oss, men vi kjøpte oss dykkermaske og snorkel og byta på å snorkle i korallrevet utanfor stranda.
Bambushytta
Eg må fortelje om bambushytta vår.
På Koh Lipe booka vi oss ei bambushytte i nærleiken av stranda, i idylliske omgjevnader med trær og natur.
Vi blei teken i mot av ei hyggeleg fransk vert. Han som starta denne plassen er fransk, og då er det mykje franske gjestar og arbeidarar. Ho beklaga seg veldig, og sa at vi måtte vente til klokka fem eller seks med å ta over rommet, dei måtte berre reparere det. Gjestane før oss hadde trakka gjennom golvet, dette er ein problemstilling eg aldri har vore borti før. Vi venta mens dei splitta på bambus og stifta dei fast, og når dei var ferdig var det vår tur til å overta.
Sand og strand på Koh Lanta
Etter storbylivet i Bangkok dro vi sørover til Koh Lanta for å oppleve litt sand og strandliv. Eg trudde eg hadde bestilt drosje til altfor tidleg om morgonen, men det viste seg å vere det riktige, då drosja kom for seint på grunn av trafikkork. Det skulle vise seg at den flyreisa var heilt perfekt. På flyplassen Don Mueang var det nesten ingen kø for å sjekke inn, ingen kø i tryggleikskontrollen og vi slapp først inn på flyet fordi vi reiser med små barn. I Thailand har vi opplevd fleire gonger å få spesialbehandling på grunn av barna, og det gjer ting lettare for oss. Taxien som skulle ta oss frå flyplassen i Krabi til hotellet i Koh Lanta var 40 minutt forsinka, så det var det einaste denne reisa kunne trekkast litt for, men det løyste seg.
Hallo Bangkok
Vi har over tid spart opp og drøymt om å ta nokre månadar fri for å reise rundt i Søraust-Asia. Endeleg var dagen her og vi sat oss på flyet frå Bergen til Bangkok via Oslo. Dei siste vekene har gått til planlegging, pakking og førebuing til reisa og det er deileg å endeleg vere på tur. Det er ikkje til å stikke under eit flysete at flyturen bad på lite søvn og dårleg stemning, men vi kom oss gjennom det. Første natta var heller ikkje så kjekk å vere ute av døgnrytma, men vi kom i balanse etter det.
Kreativ Motstand
Eg ser på meg sjølv som ein kreativ person, i alle fall ein som vil vere det. Eg les bøker om kreativitet, eg går rundt å tenkjer på ting eg vil lage. Eg tullar med at eg skal slutte i jobben min og berre vere kreativ. Men kvar dag møter eg på Motstanden. Det kjennes av og til som om Motstanden personleg er ute etter meg for å sabotere alle forsøk på å gjere noko kreativt.
Kvifor lagar eg blogg?
Opp gjennom tidene har eg gjort mange forsøk på å lage ein blogg, men kvar gong så blir det aldri noko ut av det. Kvifor har eg over lang tid eit ønskje om å skrive ein blogg, eller lage ein nettstad, og kvifor greier eg det aldri?
Eg heiter Nicolai og er i skrivande stund 36 år, født i 1989. Det er litt rart å tenkje på at eg alt er 36 år, med ein draum om å lage ei eiga nettstad der eg kan publisere tankane mine, bileta mine, prosjektene mine, med alle fortsetningar for å gjere det, ikkje har klart det enda. Ikkje berre er nettstader kjempeenkelt å lage, eg er utvikler også, så eg kan berre lage det, utan å betale pengar til nokon for å gjere det for meg. Alt ligg til rette for at det er noko eg kan få til på ein kveld.