Nicolai Gjellestad

Gili Air

Gili-øyane er ei lita øygruppe utanfor Lombok i Indonesia, som også er ei øy. Alt er øyar i Indonesia, 17000 av dei faktisk, og på desse øyane bur det 284 millionar mennesker. Det er det fjerde mest folkerike landet i verda, det er så sjukt mykje meir enn i lille Noreg.

Vi dro til Gili Air for litt meir øy- og strandliv, og Gili leverte på alle punkter. På øya her er all motorisert trafikk forbudt, så her er det kun hestar, syklar og scootere, det er heilt nydeleg å gå i gatane og på stiane rundt om på øya. Øya er frodig og består av for det meste plassar for turistar, som restaurantar og strandbarar nesten rundt heile øya. Den er ganske lita, 5 km i omkrins om eg skal tippe, eg løp rundt på omtrent same tida som eg spring 5 km på heime, så då må det vere det. Folka her er så hyggelege og avslappa, så vi opplever Gili Air som det vi håpa Koh Lipe i Thailand skulle vere.

Hest

Vi bur i ein bungalow laga for familiar, så vi har to soverom og ei stor terasse under tak som vi bruker som opphaldsrom. På hotellet vårt budde det også ei anna familie, ungane deira var på alder med Mille og Olina, og det tok ikkje lange tida før dei leika saman. Dei var frå Canada, så det var ei viss språkbarriere, men dei kommuniserte med kroppspråk og hadde ein felles interesse for å samle tusenbein og sjå på kattar. Vi visste vi kom til å treffe andre barnefamiliar på turen, og endeleg blei det full klaff. Det kan vere vi skal treffe dei igjen, då dei er dratt vidare til Nusa Lembongan, og der skal vi også på laurdag.

Frodig sti

Sidan det er regntid her, så er det lågsesong for turisme, så det er langt frå like mange turistar som vanleg. Då er det god plass på restaurantar og på strendene, og alt er ganske chill. Eg synes litt synd på dei som driv butikk her på denne tida, det er veldig lite som er stengt, det er berre ganske få som kjøper ting. Vi dro på ein butikk her ein dag for å kjøpe myggspray, og der hadde han som jobba i butikken rigga seg til med ei madrass på golvet, CRT-TV og ein PlayStation 3. Noko må han gjere for å få dagane til å gå. Fleire vi har kjøpt ting av har sagt til oss at vi er dei første kundane den dagen, og då har klokka gjerne vore 2-3 på dagen.

På ryggen

På stranda rett utanfor hotellet vårt er det korallrev med masse fisk, og havskilpadder. Allereie på første snorkleturen vår ut såg vi ein svær havskilbadde som dreiv å beita på botn. Eg hang rundt den, berre 2-3 meter frå den og berre såg på det store, rolege dyret mens den spiste. Plutseleg svømte den ganske brått oppover, eg trudde eg skremte den, men heldigvis skulle den berre opp etter luft. Det var svært å sjå ein havskilpadde i det fri. Siste dagen vi var her snorkla vi meir for å sjå etter fleire skilpadder, men det var så grov sjø at eg hadde meir enn nok med å handtere det, så eg fekk ikkje sett fleire.

Koraller

Vi fant ein beach club på nordsida av øya, som var eit bakeri, ein restaurand og hadde symjebasseng med solsengar rundt kanten på bassenget. Her var det perfekt for ungane å bade, mens vi kunne sitje å følgje med frå kanten. Vi er alltid på jakt etter ein god croissant, og her hadde dei beste mandelcroissantane vi har smakt til no på turen.

Mandelcroissant på Sands

Vi skulle eigentleg dratt vidare 5. mars, og så vidare til Vietnam 12. mars, men vi likte oss så godt i Indonesia at vi booka om billettane til 20. mars og forlenga opphaldet vårt her på Gili Air. Planen no er å vere her til laurdag, så vere på Nusa Lembongan til 12. mars, og avslutte i Sanur på Bali før vi flyr til Vietnam.

Søsken