Hallo Bangkok
Vi har over tid spart opp og drøymt om å ta nokre månadar fri for å reise rundt i Søraust-Asia. Endeleg var dagen her og vi sat oss på flyet frå Bergen til Bangkok via Oslo. Dei siste vekene har gått til planlegging, pakking og førebuing til reisa og det er deileg å endeleg vere på tur. Det er ikkje til å stikke under eit flysete at flyturen bad på lite søvn og dårleg stemning, men vi kom oss gjennom det. Første natta var heller ikkje så kjekk å vere ute av døgnrytma, men vi kom i balanse etter det.
Vi landa i Bangkok i ellevetida på fredag (16. januar), og vi fant fram til drosjen vi hadde bestilt. Trafikken i Bangkok er noko heilt anna enn den i Noreg. Først og fremst er det mykje køyretøy, drosjebilar, tuk tuk’ar, mopedar, bussar bilar og litt syklar. Det handlar om å byte felt ofte for å finne den beste ruta fram, ein viker om det er fare for kollisjon, men utanom det er det ikkje så mange reglar. Men det funkar på ein måte, trafikken flyt som ein elv og det følast ikkje så kaotisk, sjølv om det er det sett med norske auge.

Ragnhild fant eit hostel til oss midt i Bangkok, og den har ei oase av ein bakgård med bar, restaurant og badebasseng. Ungane fant fort ein krokodillestatue og nokre trær å klatre på, og vi kunne slappe av ved eit bord. Vi hadde ikkje vore her lenge før vi måtte ta første tur i bassenget. Det var overraskande kaldt, sjølv om det ikkje er lov å klage på det, som sjøen i Noreg på sommaren gjekk det fort over. Første dagen gjekk med til bading, middag og ein liten spasertur til næraste kiosk/butikk for å bli kjend, utanom det handla det om å snu døgnet og ta igjen søvn.

Neste dag hadde alle fått sovet godt og vi vakna seint, etter norsk døgnrytme vakna vi tidleg. Vi tenkte vi måtte finne på noko som ungane synes var kjekt på laurdagen, så vi dro til akvariet Sea Life Bangkok. Det var det mykje fint å sjå på, spesielt mange kule haiar. Eg har aldri sett ein sagskate før, det var utruleg tøft.

Området der akvariet låg var eit shoppingdistrikt i sentrum, så det var mange butikkar på kjøpesentre der, blanda med gater rundt med mykje streetfood og bodar. Når vi skulle ete valgte vi eit smug nært kjøpesentra, det såg ut som ein plass der dei som jobba rundt om gjekk for å kjøpe lunsj. Omtrent ingen menyar var på engelsk, så vi måtte berre kjøpe ut i frå kva som såg godt ut. Vi kjøpte nokre spyd med pølsar og det vi trudde var kylling, men det var svin (kanskje?). Det beste vi kjøpte var nok ein smoothie med masse frukt og ein rett med ris og frityrsteikt svin, det var megadigg.

På veg heim gjorde eg ein nybegynnarfeil, eg avtala ikkje pris før vi tok tuk tuk så det enda med å koste nesten 3 gonger meir enn det skulle ha gjort. Sjølve turen var som å køyre i ein karusell, berre gøyare og farlegare. Han vi køyrde med tok ein u-sving midt i ei tungt trafikkert gate og køyrde sinnsjukt fort når han kunne. Det gjekk bra, men eg tippar neste tur blir med vanleg drosje.
Søndag gjekk vi til næraste tempel som var i gangavstand til hostellet. Vi må alltid passe på når vi går langs, og krysser vegane i Bangkok, det er trafikk frå alle kantar. Men eg kjenner meg eigentleg ikkje så utrygg. Dei råkøyrer ikkje, dei gjer berre sitt for å kome fram i trafikkaoset. Når vi er tydeleg på at vi skal krysse vegen, så stoppar dei.

Tempelet heitte The Golden Mountain, og var eit tempel oppå ei bakketopp, med trappar rundt toppen. Langs trappa var det mange statuar av buddha og ulike dyr, små elvar og fossefall. På avsatsar var det klokker og gongongar vi kunne ringe i på vegen opp, det var ein kakafoni av klokkar på vegen opp når alle skulle ringe i dei. Ungane klarte turen opp i varmen, og det var eit flott tempel med masse gull, det levde opp til namnet. Vi gjekk også opp på taket av tempelet, og hadde utsikt over byen. Byen strakte seg så langt vi kunne sjå, med blanding av skyskraparar og lågare, eldre hus. I Bangkok åleine bur det 17,4 millionar mennesker, 25% av Thailands befolkning. Det er 3 gonger meir enn det bur i heile Noreg.

På ettermiddagen stoppa vi innom ein restaurant som er nemnd i Michelin guiden som har den beste pad thai i Bangkok, 8 år på rad. Den sto til forventningane. Vi fekk pad thai med svor, ein med røykt ibericogris, og ein med kylling som utelukkande vart oppfostra på lichi. Smaken var ein perfekt balanse mellom syre, salt og sødme, og var basert på gode råvarer, det var tullete godt.
No er vi snart klare for å reise til Koh Lanta, og eg sit igjen med mange inntrykk av Bangkok. Det er ein stor by med framande luktar, høge lydar og mykje trafikk. Vi kunne sikkert funnet noko å klage på, men ei betre tilnærming er å berre akseptere det som det er og opne oss for nye inntrykk. Belønninga er at vi lærer oss om kulturen her, folka og mange gode opplevingar. Vi har ete masse god mat, bada, opplevd byen og kost oss.
