Nicolai Gjellestad

Hoian og Ang Bang

Eg skriv dette eit par veker etter vi kom heim, eg skulle ha skrevet dette før, men kvardagen traff meg. Meir om det i ein annan post.

Vi tok nattoget frå Ninh Binh sørover til Hoian. Nattog var spanande for alle, og vi lurte på kor mykje søvn vi kom til å få. Sidan vi var fire personar så fekk vi ein kupè for oss sjølv, heldigvis. Billettane var ganske dyre, men det var inkludert mat og snacks, men det var for det meste ultraprosesserte greier som ikkje smakte så godt. Det var uvant når vi har ete så mykje god mat ellers i Vietnam.

Vi sov forholdsvis godt gjennom natta, men ungane var ganske klar for å ikkje vere inne på eit tog då vi nærma oss Danang. Frå Danang tok vi ein taxi til Hoian, til hotellet vårt der. Vi sjekka inn på Paradise Hotel, og etter først å ha fått feil rom kom vi oss på eit rom som likna på det vi hadde bestilt. Hotellet var ganske slitt, og populært blant unge backpackarar på tur, så vi byrja å sjå etter alternativ.

Hoian er ein gammal by med mykje historie, og på ettermiddagene og kveldane så stengjer dei gatene i gamlebyen rundt elva for trafikk sånn at det er meir leveleg for gåande. Det låg tett i tett med skreddarar i heile gamlebyen, så det er tydeleg at det er ein stor industri her. Gatane var tettpakka av turistar, dei danske vi traff i Ninh Binh sa at det var som å vere på festival, og det kjentes litt sånn.

Hoian sentrum

Det var her vi også åt dei beste banh mi i Vietnam, og det var eine plassen vi gjekk tilbake til fleire gonger. Dei hadde ein med sprø svineribbe som var heilt sinnsjukt god. Ei anna restaurant vi var på hadde berre to ting på menyen, ein nudelrett og ein rett med grilla spyd av svinekjøt som vi laga til Vietnamesiske sommarrullar. Nudelretten var dei utseld for begge gongane vi var der, men dei sommerrullane var magisk. Eg trur dette er første gong eg har vore på ein restaurant med så liten meny, og det var heilt vilt godt.

Familien

Etter eit par dager på Paradise Hotel byta vi til eit hotell ute ved stranda utanfor Hoian som heitte Ang Bang Beach, og booka det rommet for resten av tida vår her før vi skulle heim til Noreg. Hotellet var det stikk motsatte, det var lite, hadde moderne rom og dei ansatte var veldig hyggelege som vi preika mykje med, alt var bra her. Eg trur dette var det beste hotellet på turen, det var godt vi skulle vere her i ti netter.

Olina i tre Mille i tre

Ang Bang Beach er ei roleg strand, med ei hovudgate eit stykke bak stranda. I hovudgata var det små butikkar som solgte suvenirar og daglegvarer, og nok barar og restaurantar til at vi ikkje klarte å kome oss gjennom alle. Dagane var rolege der vi veksla mellom å bade på stranda og bade i bassenget. Etter å ha opplevd så mykje på turen hadde vi det ikkje travelt med å dra rundt på sightseeing. Ungane foretrakk bassenget, mens vi vaksne helst ville dra på stranda.

Strand Sand Fiskarar

Sør for Hoian og Ang Bang var det ein fornøyelsepark som heitte VinWonders, så dro dit ein av dagane, mest fordi dei hadde eit badeland. Når vi kom dit skjønte vi fort at dette var eit prestisjeprosjekt for regionen, fordi det føltes så veldig mykje større enn det var folk der. Det var store områder og gatar, replika av europeiske byar, dyrepark, badeland, kulturland, fornøyelsepark og mykje meir, men det føltes så tomt alt saman. Kanskje det ikkje var heilt høgsesong, men det var litt surrealistisk. Det var som å vere i Dyreparken i Kristiansand med 100 andre gjestar.

Dåhjort Mille og Olina i kano

Dagen eg hadde bursdag spiste vi god mat, hang ved bassenget og spiste kake før vi dro ned på stranda på kvelden. Det var ein bursdag eg kjem til å hugse. Angbang var ein veldig fin avslutning på turen, vi trivst veldig godt her.

Bursdagsgut

Vi bestemte oss for å droppe å bu i Bangkok og heller fly heilt frå Danang til Oslo via Bangkok i eit strekk, noko som var ein tur på ca 30 timar totalt. I Bangkok hadde vi eit par timar venting før vi skulle ta flyet til Oslo, då fekk ungane sjå ein film på Disney og dei vaksne kunne slappe av og bruke opp dei siste kontantane i taxfree. Eg hadde ikkje noko forventningar om å få sove på turen frå Bangkok til Oslo, eg trur kanskje eg duppa av ein time totalt. Då vi endeleg kom heim var vi så trøytte at vi måtte halde oss på føtene for å ikkje sovne midt på dagen. Tre månaders eventyr var over og vi var heime igjen. No er det berre å spare til neste!

Bading