Koh Lipe og Langkawi
Eg blei litt avspora med å skrive om bambushytta, så eg gløymde å skrive om korleis det var på Koh Lipe. Øya er ikkje så stor, så vi gjekk overalt bortsett frå då vi skulle til og frå båten med bagasjen vår. Det er mykje turistar der i høgsesongen og det er stor variasjon i hotella, alt frå luksusresortar til hostell og enkle bambushytter som vår. Folk dreg som regel til Koh Lipe for å bade på strendene, og dykke. Det er ein stor marin nasjonalpark i området, så det er mange som driv med dykkerturar der. Med barn på 3 og 5 år så er ikkje dykking så aktuelt for oss, men vi kjøpte oss dykkermaske og snorkel og byta på å snorkle i korallrevet utanfor stranda.

Eg blei overraska kor mykje korallrev det var berre 30-40 meter frå stranda. Fiskane eg såg hadde gule og svarte striper, rosa flekker, var gule, grå, og hadde lange halar på ryggen. Eg såg kanskje 12-15 forskjellige typar fisk, og dei einaste eg kunne namnet på var klovnefisk og papegøyefisk.
Første heile dagen vi var der gjekk vi til ein strand som heitte North Point, ein beskytta bukt frå den sterke austavinden som var den dagen, og det skulle vise seg at dette blei favorittstranda. Den hadde solsengar med masse skugge, perfekt vatn å bade i for ungane, korallrev for dei vaksne, servering og klatrestativ i skuggen. Vi var på den stranda alle dagane, men varierte litt kor lenge vi var der.

Sentrum av Koh Lipe var ei gate som blei kalla Walking street, fordi det tilsynelatande ikkje skulle vere køyretøy der. Difor vart vi litt overraska over at det var både tuk tuk og mopedar der, men det viste seg at det var fra klokka 6. Klokka 6 plinga det i nokre høgtalarar i byen, ei skingrande metallisk lyd, før den thailandske nasjonalsangen blei spelt. Lyden var som høgtalarane var heimelaga av ølboksar, og dei lokale slapp det dei held på med og stod i akt under spelinga. Etterpå blei det gitt nokre meldingar over anlegget, om at no var det forbudt med køyretøy i Walking Street, endeleg.

Den beste måte å kome seg frå Koh Lipe til Langkawi var å ta ein hurtigbåt som tek 1,5 time. Fordi vi no skulle krysse landegrensa til Malaysia måtte vi møte opp to timar før for å gå gjennom grensekontroll, først ut av Thailand, og så inn i Malaysia. Båten vi skulle ta var for stor for å leggje til flytebrygga der, så alle pasasjerar og bagasje måtte opp i mindre båtar og fraktast ut til båten som låg lengre ute i bukta. Det er mange kreative løysingar som ikkje ville vore innafor i Noreg, men det funkar og vi kom oss på båten. Båten som skulle frakte oss til Langkawi minna meg om ei blanding av danskebåten og ei vanleg ferge. Dei viste Disney-filmar i salongen, så ungane var oppteken med å følgje med på det heile turen.
Framme i Langkawi fekk vi dekka primærbehova med minibank, litt mat og tur på do før vi fant ein drosje som skulle ta oss til Malibest Resort. Malibest var eit aldrande tostjerners resort med badebasseng og ypperleg beliggenheit rett ved stranda. Sengane og rommet var heilt greit, og ganske reint, men sengetøy og handklede var i varierande grad misfarga. Badet trur eg hadde eit problem med å få vekk fukt, for det var mugg på badedøra og i taket.
Vi var berre tre netter på Langkawi, og i følgje drosjesjåføren vår så var det to ting vi måtte sjå på øya, kabelbana opp til nokre fjelltoppar, og mangroveskogen Kilim Forest. Første dagen vi var der tok vi kabelbana. Den går opp til det eg tippar er dei tre høgaste fjelltoppane på øya, og det er den brattaste og kabelbana med lengst spenn i verda. Turen opp gjekk over tett jungel, som det er mykje av på øya, og det siste strekket følte vi at vi nesten gjekk vertikalt oppover. Dei har laga ein mellomstasjon rett før toppstasjonen som hadde ein skywalk som dei skulle ha pengar for at vi skulle ut på, så det droppa vi. Vi tok heller bana vidare opp til toppen og gjekk på ei hengebru mellom to toppar. For å kome dit måtte vi gå på ei jungelsti i omtrent 10 minutt, så der fekk vi møte apekattar, som var godt vand med å ha mennesker på besøk, for då får dei mat. Vi såg også eit skilt som advarte mot giftige slangar, og eg er glad for at vi ikkje traff på nokre av dei.

Så var det å sjå Kilim Forest som består av jungel, mangroveskog og dei eldste fjellformasjonane i heile Søraust-Asia, dette måtte jo bli bra. Vi stod å vippa mellom å booke ein tur på 3 timar, og ein på 5, men landa på 3, og det er vi glad for i etterkant. Vi kom fram til oppmøteplassen ved ei strand nord på øya, og der var det ein stor parkeringsplass med masse bilar. Mellom parkeringsplassen og kaiane der alle båtane låg var det oppslåtte telt med dei ulike selskapa som tilbyr båtturar i området. Kafeen som også låg ved parkeringsplassen hadde dårleg utval, masse folk og høge prisar, så det tyda på at det er mange turistar som tek denne turen.
Vi fant vår turoperatør og vi kom oss i ein båt saman med 10-12 andre personar, båten hadde tak som gav god skugge og to stykk motorar på 150 hestekreftar. Guiden vår var ein ung fyr i starten av 20-åra og viste seg å vere ein habil båtførar og guide. Han viste oss først eit fjell dei kalla Gorilla Mountain, fordi det nettopp såg ut som ein gorilla. Guiden gav gass og tok oss djupare inn i mangroveskogen til neste stoppestad som var ein litt open del av elva der guidebåtane løfta motoren og piska propellane i vassflata. Dette var då for å signalisere til ørnane i området at no var det mat å få og turistar som ville sjå på dei. Ti til tjue ørnar dukka opp og flaug rundt oss og stupte ned mot vassflata der guidane slengte ut kylling til dei, og vi kunne ta bilete. Det er flott å sjå ørnar, med det gjer litt bismak at vi driv å forar ville fuglar for at dei skal underhalde oss menneske.

Vi drog vidare inn i jungelen og traff på ein god gjeng med apekattar som vi stoppa med og tok bilete av. Dei var også tydeleg vant med mennesker og flokka seg ved elvebredda i håp om å få nokre peanøtter. Ungane elskar apekattar, så det var stort for dei å sjå dei, spesielt dei små babyapekattane.

Guiden tok oss med vidare til ein flytande restaurant der vi fekk sjå otrar, og så suste vi vidare til bat cave. Bat cave er då ikkje der Batman bur, men ei hole der utallige flaggermus heng oppunder taket om dagen. Taket var tidvis lågt, og det var mange moglegheiter for meg å knalle hovudet, men eg slapp med skrekken. Det var mange båtar som skulle innom bat cave og vi gjekk i ein sildestim inn og ut.
Siste stopp på turen var eit oppdrettsanlegg som låg ikkje så langt frå der vi gjekk frå kai. Det var langt frå det vi kallar eit oppdrettsanlegg heime i Noreg. Først og fremst såg det heimesnekra ut, og så var det ikkje akkurat noko monokultur der. I eine merda var det små fiskar, i neste var det ein malle på nesten 2 meter, så var det blekksprut i ein annan og skjell og reker. For meg virka det som om dei fanga lokal fisk og satt ut i merdene for avl og vidaresal. Det var varmt der, masse folk og med 40 cm breie plankar mellom merdene så eg gjekk å venta på at ein unge skulle falle uti. Det var på tide å kome oss tilbake til hotellet og få oss litt lunsj.
På Langkawi åt vi mykje arabisk og indisk mat, det var sjukt godt med hummus, naan og kylling grilla i skikkeleg tandoor. Vi drog vidare frå Langkawi til Georgetown på øya Penang, framleis i Malaysia, den 12. februar, så eg litt litt etter med bloggskrivinga, men det kjem!