Kreativ Motstand
Eg ser på meg sjølv som ein kreativ person, i alle fall ein som vil vere det. Eg les bøker om kreativitet, eg går rundt å tenkjer på ting eg vil lage. Eg tullar med at eg skal slutte i jobben min og berre vere kreativ. Men kvar dag møter eg på Motstanden. Det kjennes av og til som om Motstanden personleg er ute etter meg for å sabotere alle forsøk på å gjere noko kreativt.
Det er mange som tek for seg kva kreativ motstand er, men den eg har lest mest er nok Steven Pressfield sin The war of art. Den personifiserer også Motstanden og maler eit bilete av den som ei naturkraft som kun er ute etter å øydelegge for meg. Den er ikkje god eller ond, den gjer berre jobben sin med alle tilgjengelege middel, som er å hindre meg i å oppnå noko her i verda.
For meg har Motstanden eit par strategiar og skitne triks for å hindre meg i å skape noko. Først og fremst så speler den på perfeksjonisten i meg. At eg alltid må gjere noko som er ‘flinkt’, sånn at eg kan få skryt, at eg kan vere verdt noko. Eg trur det er det som er eit av kjenneteikna med meg og dei som vaks opp omtrent samtidig som meg, den lengsla av annerkjenning, å vere flink. Så det som hindrar meg i å skrive blogg, teikne, lage musikk og anna er frykten for å feile, ikkje gjere noko bra. Det er aldri øving, berre prestasjon. Eg har faktisk skikkeleg problem med å vere dårleg i noko, så eg prøver å gjere det bra i alle arena her i livet.
Det andre Motstanden gjer er å lure meg til å tru at eg må kjøpe masse greier for å vere kreativ. Skal eg teikne? Ja, då må eg først sjå nokre videoar på kva som er anbefala teikneutstyr, i staden for å plukke opp den blyanten eller pennen eg har framfor meg. Skal eg ta bilete? Då er det ein evig jakt etter betre utstyr å ta bilete med. Eg prøvde å hoppe av megapixel-toget med å kun ta bilete med analoge kamera, men det er jo sjølvsagt alltid betre utstyr her også. No er drøymen å kjøpe meg fullformatkamera, men treng eg det eigentleg?
Eg ønskjer også å lage musikk, så då er det timevis med YouTube-videoar med ulike instrument. I det siste går det i synthesizere og piano. Men eg har jo allereie kjøpt og solgt fleire instrument, fordi eg ikkje bruker dei. YouTube sine algoritmar heller bensin på bålet med å vise meg videoar av utstyr eg ikkje visste at eg ville ha, men som eg no må ha. Eg ikkje har klart å kjempe mot Motstanden, og faktisk setje med ned å bruke tid på å øve, bruke tid på å vere dårleg i noko.
Eg har allereie vore innom at eg vil skrive, teikne, måle, fotografere, lage musikk, og det er mykje anna eg også vil. Det også er eit triks Motstanden brukar for å få meg til å ikkje gjere noko, nemleg å få meg til å ville gjere alt, og bli god på alt på same tid. Eg tek meg ikkje tida til å bli skikkeleg god i noko, eg berre hoppar rundt til neste hobby når eg møter Motstanden i det eg held på med.
Som du kanskje har skjønt no, så er det ein del intern konflikt inne i meg, mellom korleis eg tenkjer eg vil skape noko, og det eg faktisk skapar. Eg har trur nøkkelen her er å ikkje ha så sjukt høge forventningar til meg sjølv og kva eg skal få til. Eg vil slutte å prestere heile tida, og heller leike meir. Den største jobben er å setje meg ned og byrje, og så gjere det same neste dag, og dagen etter det. Eg må også gje meg sjølv skryt for det eg faktisk får til og ikkje undervurdere det. Eg er veldig nøgd med julekorta eg laga i år, julekonserten eg sang saman med Studentersangforeningen i Bergen, og at eg faktisk har tatt mot til meg og laga ein blogg.