Byliv på Penang og i Kuala Lumpur
Flyreisa frå Langkawi til Penang er omtrent like langt som å fly frå Stavanger til Bergen. Eg trur ikkje Olina eingong rakk å spørje “Kor lenge?” før vi landa. Ho spør om det om kvar einaste gang vi skal noko, enten det er ete middag eller fly til Bangkok.
Penang er ei øy som ligg så nære fastlandet at det går bru over. Byen på Penang heiter George Town, og i følgje drosjesjåføren vår i Langkawi så er det mykje industri der, og han meinte det ikkje var så fint. På turen får flyplassen til hotellet vårt, så var det kanskje ikkje det beste inntrykket, lite grøntområder og mykje vei. Det betra seg med ein gong vi kom nærare sentrum av byen, som også er det historiske sentrum av byen. Malaysia er ein tidlegare britisk koloni, og det kjem til syne i mange lånord frå Engelsk til Malay, til dømes ’teksi (taxi)’ og ‘immigresen (immigration)’. Gatenamn og bygg ber også preg av britane, togstasjonen heiter Butterworth og byen heiter George Town.
Malaysia er ein samansatt nasjon, med mange nasjonalitetar og religionar som lev saman. Vi såg taoistiske tempel, moskear, hinduistiske og buddhistiske tempel. Det er også mange kinesarar som bur her, så kinesisk nyttår frå 17. til 21. februar blei feira. Frå hotellrommet vårt høyrde vi fyrverkeri kvar einaste kveld.
Den første heile dagen i George Town gjekk vi til det historiske sentrum som er samansatt av området som tilhøyrer ulike folkeslag. Her er det Armenian street, Chinatown og Little India. Det første vi merka var at det er mykje meir kafear og bakeri her, så det var råd å få tak i god kaffi og bakverk, det hadde vi sakna! Lenge har vi levd på Nescafe Red Cup, så det var deilig å smake noko anna. Eg digga at mange av kafeane også hadde sitt eige lille kaffibrenneri.
Vi tok ein sykkeldrosje som dei kallar trishaw rundt i gamlebyen. Eg trudde vi skulle ha to syklar, ein vaksen og eit barn per sykkeldrosje, men han insisterte på at alle skulle i same sykkelvogn. Han tok oss med rundt for å sjå på alt som er verdt å sjå der for turistar, mellom anna alle dei kjende gatemåleria i byen. Det var mange, og han fekk oss til å stille oss opp og ta bilete ved kvar av dei.

Andre dagen tok vi det som tilsvarer Fløybanen opp på Penang Hill, det hadde same funksjon som Fløyen har, det var eit utkikkspunkt for britane som var truga av Franske anarkistar på 1800-talet. Det første vi gjorde der oppe var å finne leikeplassen. Når vi reiser mykje så treng ungane å springe frå seg litt når vi først finn ein leikeplass. På Penang Hill er det også eit jungelområde dei kallar ‘The Habitat’, som er eit området i jungelen der det er lagt opp stiar og hengebruer så vi kunne gå midt inne i den tjukkaste jungelen. Her likte eg meg godt, fordi det er tydeleg at dei har respekt for naturen her, og ikkje utnytta den for å underhalde turistar. Eg trur også inngongspengane gjekk til vern av natur.

I byen fant vi også nokre butikkar vi likte. Det var ein som hadde mykje handverk av lokale kunstnarar. Ungane kjøpte seg ein fargeleggingsbok om Penang, og vi kjøpte oss ein espressokopp laga av lokale keramikkunstnarar. Vi samlar litt på unike, handlaga kaffikoppar, så her kunne vi kjøpt mykje meir. Vi var også på ein lokal kunstmarknad der kunstnarar, musikarar og vintage-butikkar set opp bodar og har utstillingar og show. I samband med kinesisk nyttår hadde dei ein drage som gjekk rundt på marknaden og delte ut appelsinar. Eg gjekk saman med Mille og Olina då dragen oppdaga dei, og han jaga etter dei og dei løp i sirkel rundt meg. Eg trur jentene synes det var gøy og skummelt på same tid.

Den beste måten å kome oss vidare til Kuala Lumpur på var å ta toget frå Butterworth på fastlandet. Toget var skikkeleg bra, og det var digg å ta litt tog også, ikkje berre fly. Kuala Lumpur er ein skikkeleg storby med nokre unike skyskraparar vi alle har sett før, TV-tårnet og Petronas-tårna.

Vi budde på det som skulle vise seg å vere kombinert kjøpesenter og leiligheiter for kortidssleige. Veldig praktisk når vi treng noko på butikken, eller sokkar frå H&M, men det var også litt som å bu på Lagunen. Rommet vårt var i 32. etasje, eg trur eg knapt har vore så høgt i eit bygg før. I fellesareala i 6. etasje hadde dei symjebasseng, treningsrom og leikeplass. Det var veldig komfortabelt å bu her, men lite særpreg.
I Kuala Lumpur har dei verdas største opne fuglepark. Det vil sei at fuglane ikkje er i bur, men i eit ope område som vi gjekk i, med nett rundt. Det var litt som å gå i ein park, berre med antall fuglar skrudd opp til 11. Vi såg uglar, pelikanar, duer, påfuglar, papegøyer, kakaduer og mykje anna. Ungane likte seg veldig godt, og vi fekk ei naturfagstime når to påfuglar parra seg rett foran meg og Mille. Mille fekk ta bilete med papegøye, kakadue og undulat på armene, hovudet og skuldrane, det syns ho var veldig stas. Denne parken bar litt preg av det var mykje til underhaldning for oss. Besøkande tok på og mata fuglane sjølv om det ikkje var lov, og det var ingen som passa på heller.
Vi gønna på vidare og gjekk i sommarfuglparken som låg like ved. Det var eit mindre område, men same konsept, det var berre avgrensa med nett rundt, så gjekk vi fritt inni. Det var tett med blomar, trær og vegetasjon der, luftfuktigheita var høg, det var som å gå i ein jungel. Vi såg naturlegvis mange sommarfuglar her, men også maur, øyenstikkarar, fiskar, froskar og andre insekter.
Eine dagen var vi nede i KLCC som står for Kuala Lumpur City Centre. Vi hadde gleda oss til å gå i parken der som hadde ein svær leikeplass og eit stort basseng til å vasse i, men vi blei skuffa når heile leikeplassen var stengt på grunn av vedlikehald. I staden vassa vi litt i bassenget, og ungane fant seg eit tre å klatre. Dei var nøgd med det heilt til Olina blei bitt av ein kjempestor maur, det gjorde kjempevondt. Vi gjekk til det store kjøpesenteret i sentrum, vi hadde sett oss ut ein bokbutikk med ein kafè. Kjøpesenteret var high end med kun dyre merkebutikker omtrent, men den bokbutikken vi var på var enorm og hadde utruleg mykje kule bøker. Eg trur eg kunne plukka med meg tjue bøker om eg hadde hatt råd og plass.

Siste heile dagen i Kuala Lumpur dro vi til Batu Caves som er eit hinduistisk tempel som er bygga inne i nokre store grotter. Vi tok ein Grab ut der, og med ein gong vi kom inn på området, så blei vi vinka inn til ein plass der dei ropte ‘Buy ticket for caves’. På førehand hadde Ragnhild lest at det ikkje var noko inngangsbillett til tempelet, så turistfellealarmen gjekk hos oss begge. Vi sneik oss unna dei som ville ha pengar for at vi skulle inn i nokre andre grotter, og gjekk bort til det verkelege Batu Caves. Olina gjekk opp alle dei 267 trappetrinna, og vi kom opp i grottene, og sjølvsagt måtte vi ha is når vi kom ned igjen for å feire bragden.

Etter storbylivet i Kuala Lumpur sat vi nesa mot Bali i Indonesia, det var på tide å kome oss ut i jungelen igjen.