Regntid og regnskog i Ubud
Etter Kuala Lumpur tok vi fly vidare til Indonesia og Denpasar på Bali. Mange i Noreg har eit forhold til Bali på ein eller anna måte. Enten dei har spist Bali Kyllinggryte frå Toro, eller kjenner nokon som kjenner nokon som har tatt bartender- eller personleg trenerkurs her.

Sidan det blei mykje strand i Thailand og Langkawi ville vi sjå korleis det var i Ubud, som ligg sentralt på Bali. Ubud er ein by som er kjend for mykje kunst, handverk og kunsthandverk, omkransa av tett jungel, rismarkar og turstiar. Vi landa i Denpasar og kapteinen kunne melde at det var overskya. Eg innsåg at dette var første gong nokon av oss hadde kryssa ekvator. Køyreturen til Ubud ville ta 1,5 time, om trafikken tillot det. Vegane starta ganske bra rundt flyplassen, men etter kvart blei den smalare og meir trafikkert. Det var mykje mopedar og scootere rundt om, mykje meir enn i Malaysia, så det var ganske kaotisk. Vegane er smale og dårlege, i kombinasjon med at det er mykje trafikk, så tok det tid å kome fram.

Hotellet heitte Abangen Villas, og låg roleg til inn i jungelen ved sida av ei elv. Vi hadde booka ein villa som hadde 3 soverom, 4 bad, badebasseng, med stue og kjøken ute under tak. Romma var fordelt på to bungalows som var satt saman til ein villa. Ungane vaknar litt på natta når dei søv i same seng, då dei rullar fram og tilbake og legg seg på tvers. Då endar det fort opp med ein slosskamp midt på natta, så vi må inn å skilje dei. Her såg vi fram til at Mille og Olina sov på kvart sitt rom, men romma hang ikkje saman, dei var fordelt på to bygg. Då kunne vi ikkje ha ein av dei på det tredje rommet då vi ikkje ville høyrt dei om natta, så dei sov i same seng like vel.
Vi hadde sakna regn litt, og her fekk vi i bøtter og spann. Det er regntid på Bali, så regna stort sett kvar dag, fordelt på nokon skikkelege byger. Temperaturen låg uansett på rundt 30 gradar, så det var ikkje noko problem å bade i badebassenget når det regna.

Det var i dette bassenget at Mille lærte seg å symje. Dei siste dagane hadde ho tatt nokre få symjetak, så eg sa til ho ‘I løpet av tida vi er her i Ubud kjem du til å symje fram og tilbake’. Ho tok utfordringa, og allereie same dag så symja ho på tvers av bassenget heilt åleine. Det går så fort når ein femåring skal lære noko!
Vi tok det roleg i Ubud, ingen store utfluktar som tok heile dagen, og var mykje i ro ved hotellet eller i byen. I sentrum av Ubud er det trange gater med mykje trafikk, og eg lærte fort at skal eg så mykje som setje ei tå ut i vegen så må eg sjå meg godt for. Scooterane køyrde gjerne forbi bilane mellom fortauet og bilane, så det var ofte trangt. Butikkane i Ubud kunne by på mykje handverk og tekstilar, så vi kjøpte enda eit par kaffekoppar i lokal kjeramikk. Det var tydeleg at det eg lågsesong for turisme, for kvar ein plass vi gjekk så ville nokon selje oss noko. Når vi er ute å reiser så lenge, så kan vi ikkje kjøpe all verda, for då får eg fort mykje meir å bære på.
På førehand hadde eg sett meg ut ein kaffiplantasje ein halvtimes køyretur nord for Ubud, så eine dagen tok vi ein drosje opp dit. Der hadde dei et ganske bra opplegg med omvisning på plantasjen, alt frå kaffiplantane, til prosessering og brenning av kaffibønner. Vi blei leia gjennom ei løype som først viste oss Luak-kattane som lagar den kjende kaffien Kopi Luak. Så blei vi teken med vidare til tørking og prosessering av kaffibæra. Inni ei hytte hadde dei ei grue med ei keramikkskål oppå, det lukta som brent popcorn der. Det var tradisjonell brenning av kaffi over open flamme, så vi fekk testa å brenne litt kaffi. I kafèen fekk vi servert ei planke med kaffikoppar som viste oss dei ulike kaffiane dei produserte der. Det var same kaffiplantane, berre prosessert på ulike måtar. Ungane fekk sjokomelk laga på kakao dei dyrka der, og ein sjukt god iste som vart laga av te dei dyrka der.

Det var deilig med nokre rolege dagar i Ubud, men vi kjente på at det blei litt vel mykje regn. Ragnhild hadde lest at det er mindre regn nærare kysten på øyane, så vi drog vidare til ei lita øygruppe utanfor øya Lombok, som heiter Gili. Les om livet på Gili Air i neste innlegg!